Viktigst med integering

Gamle blir glemt.

Nesten kvar fjerde pensjonist, det vil seie to og ein halv millionar, lever i fattigdom i Storbritannia

68 år gamle Jay Ginn ramsar opp det ho går med om vinteren – inne i sitt eige hus. Temperaturen i huset hennar synk nemleg til fem grader i den kaldaste årstida.

– Tre par sokkar, to bukser, tjukkegensar og fleecejakke, seier Ginn.

Nesten kvar fjerde pensjonist, det vil seie to og ein halv millionar, lever i fattigdom i Storbritannia, det viser offisielle tal.

Her kan du lese hele rapporten fra IFS.

Her finner du fleire analyser og statistikk over fattigdom i Storbritannia

Må velge mellom mat eller varme

Og no når straumprisane har eksplodert må mange velge mellom oppvarming eller mat. Det seier Ginn, som allereie har tatt sitt val. 68-åringen har verken oppvarming eller varmt vatn lenger. Ho har ikkje råd.

– Om sommaren blir vatnet litt oppvarma av sola. Om vinteren er det derimot ganske så kaldt så då må eg vaske meg i kaldt vatn.

– Er du ikkje freista til å skru varmen på igjen?

– Vel, eg veit kva det vil koste viss eg gjer det, og det er nettopp det som er problemet, seier Ginn, og gjer det klart at det ikkje blir aktuelt å skru på varmen igjen.

– Te? spør Jay. – Eg tar meg framleis råd til ein kopp te innimellom, seier ho og legg til at ho alltid brukar teposane om att. Vatnet som blir til overs sparer ho på ein liten termos.

Ho har også slutta å bruke frysen og oppvaskmaskina.

– Eg brukar dei til oppbevaringsplass i staden, seier Ginn, og viser oss at serviset står fint oppsamla inne i oppvaskmaskina.

Les mer >>

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s


%d bloggers like this: