For mye engelsk i norsk språkbruk – norsk språk må lovfestes

Folk må bli klar over den alvorlege situasjonen norsk språk er i, seier Sylfest Lomheim.

Stortinget behandla Språkmeldinga for kort tid sidan, og i kveld inviterer Språkrådet til språkdebatt.

Temaet er regjeringa sitt forslag til ny språkpolitikk for å styrke norsk språk i forhold til engelsk.

Les også: Nye millionar til styrking av nynorsken

– Det viktigaste med språkmeldinga er å gjere både Stortinget og opinionen klar over at framtida til norsk er i ein alvorleg situasjon, seier Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim.

– Viss folk meiner at det er eit vesentleg poeng å ha eit eige skriftspråk i Noreg. Men det er viktig å få fram at korkje direktøren eller Språkrådet eller departementet er i mot engelsk, seier Lomheim.

Lov

Språkrådet går inn for at bruken av norsk og at norsk skal brukast i Noreg er eit forhold som skal lovfestast.

– Det høyrest kanskje dramatisk ut, men det er fordi vi ikkje lyfter blikket. Fleire andre land har lovfesta dette – og Sverige kjem til å lovfeste dette.

– Kva oppnår ein ved lovfeste norsk språk?

– Dette vil jo vere ei lov som er ei formålslov. Lova må vidare ha ei slik utforming at den fungerer etter føremålet – ikkje berre ein intensjon. Utover dette spelar eg utfordringa vidare til departementet og dei juristar som skal utforme lova.

Les mer >>

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s


%d bloggers like this: