Halal-dyreplageri i all hemmelighet

Muslimar i Noreg får ikkje slakta sauene slik deira religion krev. Mange kjenner seg pressa til å bryta norske lover.

– Eg har vore i kontakt med fleire muslimar i Hordaland som har kontakta private bønder for å få slakta til id, seier bystyrerepresentant for Arbeiderpartiet i Bergen, Abdelmajid Jerad.

– Dei føler seg pressa til å gjere det på denne måten, sidan det er ulovleg, sier han.

Spesiell slaktemetode
På denne festdagen, som i år er den 8. desember (i dag), slaktar muslimar ein sau til minne om då profeten Abraham gjorde det same. I utgangspunktet var Abraham villeg til å ofra sonen sin til Gud, men ofra til slutt eit lam. På id ul-adha skal muslimar difor slakta eit lam med halal-metoden.

Det er mogeleg å få tak i halal-slakta kjøt i Noreg. Men for mange muslimar er det ikkje tilstrekkjeleg å kjøpa slikt kjøt.

– Festdagen handlar om å slakta sauen for seg sjølv og familien. Ein vil slakta sauen sjølv, seier Jerad.

Å slakta ein sau på halal-måten inneber å kutta dei to hovudpulsårene, luftrøyret og spiserøret i strupen medan sauen er i live.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s


%d bloggers like this: