Rettsstaten Norge- sparking av gravid kvinne gir samfunnsstraff

800px-judgestoolsDet var i fjor at mannen i 20-åra frå Sunnfjord slo og sparka ei gravid kvinne han hadde hatt eit forhold til.

Den tiltalte hugsar ikkje kva som skjedde, men ut frå opplysningar frå fornærma saman med legeerklæring, så meiner retten at mannen har sparka ho i beinet og slege ho i hovud- og nakkeregionen.

Helga etter slo han til to venninner til denne kvinna då dei prøvde å avverje at han tok kontakt. Den eine kvinna vart slegen fleire gonger i andletet og den andre slik at ho fall i bakken. Dette tilstod han då han møtte i retten.
Henta marihuana

Mannen var også tiltalt for kjøp av narkotika. Han kjøpte og henta nesten eit kilo marihuana i Oslo. Men bilen han sat på i vart stoppa, og politiet fann marihuanaen under eit sete i bilen.

Retten har gjeve mannen strafferabatt for å ha tilstått forholdet og for å ha gjeve politiet opplysningar i saka om narkotikahandelen.

Eit tredje forhold han var tiltalt for, var for å ha brukt hasj jamnleg over ein toårs-periode.

Les mer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s


%d bloggers like this: