Norge taper stadig mer matjord

breadNationen: 20 versting-kommunar står bak nær halve nedbygginga av dyrka mark her i landet, viser ei undersøking.

Dei tjue kommunane som kvart av dei siste fire åra har rapportert mest nedbygging av matjord, står for heile 40-50 prosent av landets samla nedbygging i perioden.

Det melder Statens landbruksforvaltning (SLF), som har gått igjennom omdisponeringa av dyrka mark til andre formål enn landbruk.

– Den mest verdifulle matjorda forsvinn

Verstingkommunane ligg gjerne i dei strøka av landet der dei naturgitte vilkåra for å drive landbruk er best.

– Mange av desse kommunane ligg i område med gode, naturgitte vilkår for jordbruk med dei mest verdifulle jordressursane vi har, skriv SLF.

– Irreversibelt

Arealbruken i eit fåtal kommunar får derfor store konsekvensar for Norges samla kapasitet til matproduksjon.

– Nedbygginga av dyrka mark er i dei fleste tilfelle irreversibelt, skriv SLF og viser til at den dyrka jorda ofte blir brukt til industribygg eller bustader.

Versting-regionane

Blant verstingane finn ein kommunar i sentrale jordbruksområde på Jæren, rundt Oslo-fjorden og i Trøndelag.

Fylka Rogaland, Akershus, Østfold, Oppland og Sør-Trøndelag kjem år etter år dårleg ut på nedbygging.

Fredrikstad på versting-toppen

Les mer nationen.no

Stikkord: , , , ,

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s


%d bloggers like this: